Greenshot hjelp
Version 1.0.2 RC2 - Norsk omsetjing av Ivar Barstad
Innhald
- Ta eit skjermknips
- Å bruke knipsfiksaren
- Teikne former
- Leggje til tekst
- Markering
- Sensurering
- Skjere skjermknipset
- Setje grafikk inn i skjermknips
- Gjenbruk av teikna element
- Eksportere skjermknipset
- Innstillingsdialogen
- Lyst til å hjelpe?
Ta eit skjermknips
Du kan knipse ein del av skjermen ved å bruke Print-tasten
eller ved å høgreklikke Greenshot-ikonet i varselfeltet nedst til høgre.
Det er fleire måtar å knipse skjermen på:
Knips områdePrint
Områdeknipsing let deg ta bilde av ein del av skjermen.
Etter at du har stara områdemodus vil du sjå eit kryss som syner musposisjonen
på skjermen. Klikk og hald inne venstre musknapp og teikn eit rektangel
rund den delen av skjermen du ønskjer å knipse. Når du slepp musknappen
blir det grøne området knipsa.
Du kan bruke Mellomrom-tasten for å bytte mellom områdemodus og
vindaugknipsing.
Om du ønskjer å ta bilde av eit nøyaktig område, kan det ofte vera lettare
å angje eit litt større område enn du ønskjer, for så å skjera til
bildet i Greenshot sin knipsfiksar.
Knips siste område Shift + Print
Om du alt har knipsa eit område eller vindauge
tidlegare, kan du knipse same område/vindauge på nytt med dette valet.
Knips vindauge Alt + Print
Knipsar det aktive vindauget (vanlegvis det som ligg fremst).
Under Innstillingar er det mogeleg å skru på
interaktivt val av vindauge, i kontrast til standardfunksjonen som knipsar det
aktive vindauget. Om dette er skrudd på, kan ein velje eit vindauge ved å
klikke på det. (Greenshot markerar området på same måte som i områdemodus).
Om du ønskjer å knipse eit dotterelement (f.eks. innhaldet på ei nettside
utan rulleområde og menyar eller ei enkeltramme på ein nettstad som nyttar rammer,
kan du halde muspeikaren over vindauget og trykkje PgDown-tasten. Etter
dette kan du velje dotterelementa du ønskjer å knipse.
Om du ønskjer å knipse høgreklikkmenyar, stiller ting seg annleis: Snøggtasten for
å knipse vindauge vil ta bort menyen, og Greenshot sin eigen høgreklikkmeny vil
openbart gje same resultat. Om du ønskjer å knipse ein slik meny, gjer du det enkelt
ved å aktivere områdeknipsing med Print-tasten, og deretter bytte til
vindaugemodus med Mellomrom.
Knips fullskjerm Control + Print
Denne funksjonen tar eit bilde heile skjermen
(den aktive skjermen i fleirskjermoppsett).
Knips Internet Explorer Control + Shift + Print
Med denne funksjonen kan du enkelt ta eit skjermbilde av ei open nettside i
Internet Explorer. Bruk Greenshot sin høgreklikkmeny for å velje IE-fane, eller
bruk snøggtasten for å knipse den aktive fana.
Å bruke knipsfiksaren
Greenshot har eit innebygd, enkelt bilderedigeringsprogram (knipsfiksaren)
som har kjekke funksjonar for å notere eller teikne på eit skjermbilde.
Du kan òg markere eller sensurere delar av skjermknipset.
Greenshot sin knipsfiksar kan brukast til meir enn bare skjermknips;
du kan òg opne bildefiler frå disk eller frå utklyppstavla. Høgreklikk
Greenshot-ikonet i varselfeltet nedst til høgre og vel høvesvis
Opne bilde frå fil eller Opne bilde frå utklyppstavle.
Teikne former
Vel ei av teikneverktøya frå verktøypaletten på venstre side av knipsfiksaren
eller frå Objekt-menyen. Dei ymse verktøya har òg snøggtastar for å
effektivisere prosessen.
Dei ymse formene er: Rektangel R, ellipse E, line L,
pil A og frihandsline F.
Klikk og hald inne venstre museknapp for å teikne inn posisjon og storleik på
forma du ønskjer å teikne. Slepp musetasten når du er ferdig.
Du kan flytte eller endre storleik på eksisterande objekt med peikarverktøyet Esc.
Det finst visse val for dei ymse verktøya som endrar utsjånaden deira
(f.eks. linebreidde, linefarge og fyllfarge). Du kan endre desse eigenskapane
for eit eksisterande objekt, men også for det neste objektet du teiknar etter
å ha valt eit teikneverktøy.
Du kan redigere fleire objekt på same tid! For å velje fleire objekt, hald inne
Shift-tasten medan du vel objekta.
Om du ønskjer å teikne eit kvadrat eller ein sirkel, gjer du dette ved å halde
inne Shift-tasten medan du teiknar. Gjer du det same med line- eller
pilverktøyet, vil du teikne i vinkelretningar runda av til næraste 15°.
Du kan òg bruke Shift for å skalere eit objekt proporsjonalt.
Når du teiknar eller skalerar eit objekt kan du halde nede Ctrl-tasten
for å arbeide ut frå objektets midtpunkt, eksempelvis vil eit objekt som blir
forstørra vekse både med og mot muspekaren, forankra i midtpunktet.
(Dette er veldig nyttig om du til dømes ønskjer å teikne ei ellipse
rundt eit element på skjermknipset.)
Leggje til tekst
Tekstverktøyet T minner mykje om dei andre formverktøya.
Du teiknar opp ein tekstboks i ønskt storleik og skriv så inn teksten.
Dobbeltklikk boksen for å redigere eksisterande tekst.
Markering
Med markeringsverktøyet H kan du definere eit markeringsområde
på same måte som du ville ha teikna ei form.
På knappen lengst til venstre på verktøylina på toppen kan du bytte mellom
fleire forskjellige markeringstyper:
- Marker tekst: Markerar tekst i ein ljos farge, som ein markørpenn
- Marker område: Framhevar det valte området ved å gjera utsida uskarp* og mørk
- Gråtone: Framhevar det valte området ved å konvertere utsida til gråtonar
- Forstørr: Forstørrar det valte området
Sensurering
Om skjermknipset inneheld sensitiv data, t.d. kontonummer, namn, passord eller
andlet kan det vera lurt å sensurere bildet. Bruk sensureringsverktøyet O
på same måte som markeringsverktøyet.
Dei forskjellige sensureringsmåtane er:
- Pikseler: Aukar pikselstorleiken i merkt område
- Gjer uskarpt*: Gjer eit område uskarpt
* Avhengig av kor kraftig datamaskina di er, kan Greenshot sin knipsfiksar
oppføre seg treigt når ein nyttar uskarp-funskjonen. Om du syns at programmet
reagerar seint etter å ha aktivert funksjonen, prøv å skru ned Kvalitet på
førehandssyning på verktøylina eller minsk verdien for Uskarp-radius.
Om uskarp-ytelsen framleis er plagsom, bør du vurdere pikseler-effekten i staden.
Skjere skjermknipset
Om du bare treng ein del av skjermbildet du har knipsa, kan du bruke
skjereverktøyet C for å kutte det til ønskt storleik.
Teikn eit rektangel for å markere området du ønskjer å halde fram med,
du kan òg endre storleiken på dette området som med andre objekt..
Når du er nøgd med utklyppet, trykk Stadfest-knappen eller Enter.
Du kan avbryte operasjonen ved å trykkje Avbryt eller Esc.
Auto-skjer: Om du vil klyppe vekk ein einsfarga kant rundt skjermknipset,
kan du bruke Auto-skjer frå Rediger-menyen. Greenshot vel då
automatisk området du vil skjera vekk.
Setje grafikk inn i skjermknips
Du kan enkelt leggje til grafikk og bilde i eit skjermknips ved å dra bildefiler
inn i knipsfiksaren (dra-og-slepp). Du kan òg leggje til knips av andre vindauge
ved å bruke Sett inn vindauge frå Rediger-menyen. Du vil då
få opp ei liste over tilgjengelege vindauge som kan importerast.
Gjenbruk av teikna element
Om du ønskjer å gjere den same eller liknande jobben på fleire skjermknips
(t.d. eit tekstfelt med nettlesartype og versjon, eller sensurering av det
same elementet på fleire knips) kan du enkelt bruke objekt på nytt.
Vel Lagre objekt til fil frå Objekt-menyen for å lagre
det eksisterande sett av objekt for seinare bruk. Ein kan då enkelt bruke
Last inn objekt... for å importere objekta til eit anna skjermknips.
Eksportere skjermknipset
Når du er ferdig med å redigere skjermknipset i knipsefiksaren, kan du eksportere
resultatet på fleire måtar. Du finn dei ymse vala på Fil-menyen, den øvste
knapperada eller via snøggtastar:
- Lagre Control + S: Lagrar bildet til ei fil, og overskriv førre utgåve om du bare har gjort endringar
- Lagre som... Control + Shift + S: Let deg alltid velje kor du vil lagre fila, også når du alt har lagra ho før
- Kopier knips til utklyppstavla Control + Shift + C: Gjer knipset tilgjengeleg for andre Windows-program via Lim inn-funksjonen
- Skriv ut... Control + P: Sender skjermknipset til ein skrivar
- Send med e-post Control + E: Lagar ein ny melding i standard e-postprogram og legg knipset som eit vedlegg
Når du har lagra bildefila frå knipsfiksaren, kan du enkelt kopiere filplasseringa
til utklyppstavla eller opne mappa i utforskaren ved å høgreklikke på statuslina
nedst i programmet.
Innstillingsdialogen
Generelle innstillingar
- Språk: Språket du ønskjer å bruke i Greenshot.
Du kan laste ned tilleggsspråk her. - Start Greenshot med systemet: Aktiverar Greenshot når Windows startar
- Snøggtastar: Redigerar snøggtastane knytt til skjermknipsing
- Bruk systemets standardproxy: Om dette er huka av, vil Greenshot bruke systemet sin proxyserver for å sjå etter oppdateringar.
- Oppdateringsfrekvens: Greenshot kan sjå om nye utgåver er tilgjengelege på verdsveven. Her vel du kor ofte dette skal skje, eller du kan stoppe kontrollen ved å velje 0 dagar.
Knipsinnstillingar
- Knips muspeikaren: Vel om du vil ha muspeikaren med i skjermknipset.
Peikaren blir lagt til som eit eige objekt som du kan skalere og flytte i knipsfiksaren. - Spel av lukkarlyd: Høyrleg indikasjon på at skjermknipset blir tatt.
- Syn varsel: Skrur av og på varsel
</p> - Forseinking før skjermknips: Her kan du leggje til ei forseinking
mellom stadfesting og tidspunktet skjermknipset blir tatt. - Bruk interaktiv vindaugsknipsing: Aktiverar mogelegheiten for å velje
vindauge som knipsast, i kontrast til standardvalet som automatisk knipsar
det aktive vindauget. Sjå vindaugsknipsing. -
Vindaugsstil: Om du nyttar Windows Vista eller 7 med eit Aero-tema
(gjennomsynlege element) kan du velje korleis element som er synleg gjennom
vindauget blir knipsa.</p>- Automatisk: Let Greenshot avgjere gjennomsynlegheit.
- Som synt: Gjennomsynlege rammer blir knipsa nett som på skjermen.
- Bruk standardfarge: Gjev ein svart bakgrunn bak gjennomsynlege områda.
- Use custom color: Gjev ein eigendefinert farge bak dei gjennomsynlege områda.
- Hald på gjennomsynlegheit: Gjennomsynlege område blir knipsa utan bakgrunn,
og blir synt med ein rutete bakgrunn i knipsfiksaren. Mønsteret blir ikkje
synleg i utfila. Utfila må lagrast i PNG-format for å halde på gjennomsynlegheita.
- Internet Explorer-knipsing: Gjer klart for enkel knipsing frå Internet Explorer.
- Tilpass knipsfiksaren til utklyppsstorleiken: Endrar storleiken på knipsfiksaren i høve til skjermknipset. </ul>
- Lagringsplassering: Angjev standardmappa skjermknips blir lagra i.
- Regel for filnamn: Definerer ein regel for automatiske filnamn ved direktelagring.
Klikk ?-knappen for å få ei oversikt over gyldige felt. - Kopier filplasseringa til utklyppstavla kvar gong eit bilde blir lagra:
Når du lagrar eit bilde frå Greenshot vil mappe- og filnamn bli kopiert til
utklyppstavla, og kan enkelt limast inn i andre program for lett tilgang. - JPEG-kvalitet: Avgjer vektinga mellom filstorleik og kvalitet når du
lagrar bilde i JPEG-format. Standardkomprimering er 80%. - Syn kvalitetsdialog kvar gong eit bilde blir lagra: Gjer det mogeleg å
velje komprimering ved kvar lagring. - Reduser totalt fargetal til maksimum 256: Vil alltid lagre JPEG-bildet
med maksimum 256 fargar (8-bit). Dette vil ofte redusere kvaliteten. - Dynamisk målveljar: Syner ein meny rett etter knipset er tatt,
der du sjølv kan velje kor du vil nytte skjermknipset. - Andre mål: Om den dynamiske målveljaren er deaktivert kan du velje ein
eller fleire målprogram eller -funksjonar som blir brukt til å ta imot
eller vidareformidle skjermknipset. Om du kryssar av for fleire mål
vil Greenshot jobbe seg nedover lista og eksportere til alle måla. - Forminsk bildet til arkstorleiken: Om skjermknipset skulle vera større
enn arket som er valt, skalerer Greenshot ned bildet så det passar innanfor margane. - Forstørr bildet til arkstorleiken: Om bildet er mindre enn arket, vil
Greenshot skalere bildet til å fylle heile arket proporsjonalt. - Roter bildet til arkretninga: Snur bilde i breiddeformat på høgkant.
- Sentrer bildet på arket: Plasserar bildet på midten av arket.
- Skriv ut dato/tid som botntekst: Dato og tidspunkt for utskrift blir
plassert nedst på arket. - Skriv ut med inverterte fargar: Skriv ut bildet som eit negativ.
Spesielt nyttig for t.d. kvit tekst på svart bakgrunn (for å spare blekk/toner). - Skriv ut i gråtonar: Utskrifta blir skrive ut i gråtonar uavhengig av
skrivar- og originalinnstilingar.
Utformat-innstillingar
Målinnstillingar
Utskriftsinnstillingar
Tilleggsinnstillingar
Syner ei liste over installerte tillegg. Vel eit tillegg frå lista og klikk
Konfigurer for å justere tilleggspesifikke innstillingar.
Lyst til å hjelpe?
I augneblinken treng me ikkje hjelp i utviklinga. Det er likevel fleire ting
du kan gjere for å støtte opp rundt Greenshot og utviklarane.
På førehand takk! :)
Vurder ein donasjon
Me legg ned mykje arbeid i Greenshot, og brukar mykje tid på å utvikle eit godt
stykke open kjeldekode utan kostnad for sluttbrukaren. Om programmet gjer deg
meir produktiv, sparar deg eller selskapet ditt for mykje tid og pengar eller
du rett og slett likar ideen om open kjeldekode er du velkomen til å ære innsatsen
vår med ein donasjon.
På heimesida vår finn du informasjon om korleis du kan støtte utviklarane:
http://getgreenshot.org/support/
Spre ryktet
Om du likar Greenshot, syt for at andre får greie på det! Fortel vener, kollegaer og
fygljarar på sosiale media om Greenshot!
Gje tilbakemelding på Greenshot på relevante programvaresider eller legg ei
lenkje til nettsida vår (http://getgreenshot.org) på bloggen eller heimesida di.
Send inn omsetjing
Er ikkje Greenshot tilgjengeleg på ditt føretrekte språk? Om du kjenner deg
i stand til å omsetje programmet er du meir enn velkomen!
Om du er registrert på sourceforge.net kan du sende inn omsetjingar til vår
omsetjings-tracker.
Kontroller fyrst om det alt finst ei omsetjing på
nedlastingssida.
Sjekk òg omsetjings-trackeren,
då den kan innehalde ein omsetjing under arbeid eller diskusjon.
Ver merksam på at me bare tilbyr omsetjingar på nedlastingssida vår om den har
blitt sendt inn gjennom ein sourceforge.net-konto. Sidan me sannsynlegvis ikkje
forstår omsetjinga di er det fint om andre sourceforge-brukarar kan kontakte deg
om endringar eller forbetringar i samband med til dømes nye programversjonar.