Home-NN

Kva er Greenshot?

Greenshot er eit lite og nett Windows-verktøy med dei fylgjande eigenskapane:

Tar med eit tastetrykk bilde av eit vindauge, område eller heile skjermen - du kan til og med knipse heile nettsider (med rulling) frå Internet Explorer. Enkel notering, markering og sensurering i knipsfiksaren. Eksporter skjermbildet til fil, skrivar, utklyppstavle, e-post, Office-program eller skytenester som til dømes Flickr og Picasa. ...og endå meir som forenklar arbeidet med skjermbilde - kvar dag!

Med det enkle, konfigurerbare grensesnittet er Greenshot eit effektivt verktøy for prosjektleiarar, programvareutviklararar, tekniske skribentar, testarar og alle andre som har nytte av å ta skjermbilde.

Sjå meir?

Sjølvsagt kan Greenshot by på meir! Ta ein gløtt på skjermbilde av programmet i bruk, eller prøv den nyaste utgåva.

Nedlastingar

Greenshot er gratis og har open kjeldekode

Greenshot blir utgjeven under GPL så programmet kan lastast ned og brukast utan kostnad, også i verksemder.

Om du finn ut at Greenshot sparar deg for mykje tid og/eller pengar, er du velkomen til å støtte utviklinga av programmet!

ADVERTISEMENT