Greenshot hjelp

Version 1.0.2 RC2 - Norsk omsetjing av Ivar Barstad

Innhald

  1. Ta eit skjermknips
    1. Knips område
    2. Knips siste område
    3. Knips vindauge
    4. Knips fullskjerm
    5. Knips Internet Explorer
  2. Å bruke knipsfiksaren
    1. Teikne former
    2. Leggje til tekst
    3. Markering
    4. Sensurering
    5. Skjere skjermknipset
    6. Setje grafikk inn i skjermknips
    7. Gjenbruk av teikna element
    8. Eksportere skjermknipset
  3. Innstillingsdialogen
    1. Generelle innstillingar
    2. Knipsinnstillingar
    3. Ut-innstillingar
    4. Utskriftsinnstillingar
  4. Lyst til å hjelpe?
    1. Vurder ein donasjon
    2. Spre ryktet
    3. Send inn omsetjing

Ta eit skjermknips

Du kan knipse ein del av skjermen ved å bruke Print-tasten eller ved å høgreklikke Greenshot-ikonet i varselfeltet nedst til høgre.
Det er fleire måtar å knipse skjermen på:

Knips områdePrint

Områdeknipsing let deg ta bilde av ein del av skjermen.
Etter at du har stara områdemodus vil du sjå eit kryss som syner musposisjonen på skjermen. Klikk og hald inne venstre musknapp og teikn eit rektangel rund den delen av skjermen du ønskjer å knipse. Når du slepp musknappen blir det grøne området knipsa.

Du kan bruke Mellomrom-tasten for å bytte mellom områdemodus og vindaugknipsing.

Om du ønskjer å ta bilde av eit nøyaktig område, kan det ofte vera lettare å angje eit litt større område enn du ønskjer, for så å skjera til bildet i Greenshot sin knipsfiksar.

Knips siste område Shift + Print

Om du alt har knipsa eit område eller vindauge tidlegare, kan du knipse same område/vindauge på nytt med dette valet.

Knips vindauge Alt + Print

Knipsar det aktive vindauget (vanlegvis det som ligg fremst).

Under Innstillingar er det mogeleg å skru på interaktivt val av vindauge, i kontrast til standardfunksjonen som knipsar det aktive vindauget. Om dette er skrudd på, kan ein velje eit vindauge ved å klikke på det. (Greenshot markerar området på same måte som i områdemodus).
Om du ønskjer å knipse eit dotterelement (f.eks. innhaldet på ei nettside utan rulleområde og menyar eller ei enkeltramme på ein nettstad som nyttar rammer, kan du halde muspeikaren over vindauget og trykkje PgDown-tasten. Etter dette kan du velje dotterelementa du ønskjer å knipse.

Om du ønskjer å knipse høgreklikkmenyar, stiller ting seg annleis: Snøggtasten for å knipse vindauge vil ta bort menyen, og Greenshot sin eigen høgreklikkmeny vil openbart gje same resultat. Om du ønskjer å knipse ein slik meny, gjer du det enkelt ved å aktivere områdeknipsing med Print-tasten, og deretter bytte til vindaugemodus med Mellomrom.

Knips fullskjerm Control + Print

Denne funksjonen tar eit bilde heile skjermen (den aktive skjermen i fleirskjermoppsett).

Knips Internet Explorer Control + Shift + Print

Med denne funksjonen kan du enkelt ta eit skjermbilde av ei open nettside i Internet Explorer. Bruk Greenshot sin høgreklikkmeny for å velje IE-fane, eller bruk snøggtasten for å knipse den aktive fana.

Å bruke knipsfiksaren

Greenshot har eit innebygd, enkelt bilderedigeringsprogram (knipsfiksaren) som har kjekke funksjonar for å notere eller teikne på eit skjermbilde. Du kan òg markere eller sensurere delar av skjermknipset.

Greenshot sin knipsfiksar kan brukast til meir enn bare skjermknips; du kan òg opne bildefiler frå disk eller frå utklyppstavla. Høgreklikk Greenshot-ikonet i varselfeltet nedst til høgre og vel høvesvis Opne bilde frå fil eller Opne bilde frå utklyppstavle.

Teikne former

Vel ei av teikneverktøya frå verktøypaletten på venstre side av knipsfiksaren eller frå Objekt-menyen. Dei ymse verktøya har òg snøggtastar for å effektivisere prosessen.
Dei ymse formene er: Rektangel R, ellipse E, line L, pil A og frihandsline F.
Klikk og hald inne venstre museknapp for å teikne inn posisjon og storleik på forma du ønskjer å teikne. Slepp musetasten når du er ferdig.

Du kan flytte eller endre storleik på eksisterande objekt med peikarverktøyet Esc.
Det finst visse val for dei ymse verktøya som endrar utsjånaden deira (f.eks. linebreidde, linefarge og fyllfarge). Du kan endre desse eigenskapane for eit eksisterande objekt, men også for det neste objektet du teiknar etter å ha valt eit teikneverktøy.

Du kan redigere fleire objekt på same tid! For å velje fleire objekt, hald inne Shift-tasten medan du vel objekta.

Om du ønskjer å teikne eit kvadrat eller ein sirkel, gjer du dette ved å halde inne Shift-tasten medan du teiknar. Gjer du det same med line- eller pilverktøyet, vil du teikne i vinkelretningar runda av til næraste 15°. Du kan òg bruke Shift for å skalere eit objekt proporsjonalt.

Når du teiknar eller skalerar eit objekt kan du halde nede Ctrl-tasten for å arbeide ut frå objektets midtpunkt, eksempelvis vil eit objekt som blir forstørra vekse både med og mot muspekaren, forankra i midtpunktet. (Dette er veldig nyttig om du til dømes ønskjer å teikne ei ellipse rundt eit element på skjermknipset.)

Leggje til tekst

Tekstverktøyet T minner mykje om dei andre formverktøya. Du teiknar opp ein tekstboks i ønskt storleik og skriv så inn teksten. Dobbeltklikk boksen for å redigere eksisterande tekst.

Markering

Med markeringsverktøyet H kan du definere eit markeringsområde på same måte som du ville ha teikna ei form.
På knappen lengst til venstre på verktøylina på toppen kan du bytte mellom fleire forskjellige markeringstyper:

Sensurering

Om skjermknipset inneheld sensitiv data, t.d. kontonummer, namn, passord eller andlet kan det vera lurt å sensurere bildet. Bruk sensureringsverktøyet O på same måte som markeringsverktøyet.
Dei forskjellige sensureringsmåtane er:

* Avhengig av kor kraftig datamaskina di er, kan Greenshot sin knipsfiksar oppføre seg treigt når ein nyttar uskarp-funskjonen. Om du syns at programmet reagerar seint etter å ha aktivert funksjonen, prøv å skru ned Kvalitet på førehandssyning på verktøylina eller minsk verdien for Uskarp-radius.
Om uskarp-ytelsen framleis er plagsom, bør du vurdere pikseler-effekten i staden.

Skjere skjermknipset

Om du bare treng ein del av skjermbildet du har knipsa, kan du bruke skjereverktøyet C for å kutte det til ønskt storleik.
Teikn eit rektangel for å markere området du ønskjer å halde fram med, du kan òg endre storleiken på dette området som med andre objekt..
Når du er nøgd med utklyppet, trykk Stadfest-knappen eller Enter. Du kan avbryte operasjonen ved å trykkje Avbryt eller Esc.

Auto-skjer: Om du vil klyppe vekk ein einsfarga kant rundt skjermknipset, kan du bruke Auto-skjer frå Rediger-menyen. Greenshot vel då automatisk området du vil skjera vekk.

Setje grafikk inn i skjermknips

Du kan enkelt leggje til grafikk og bilde i eit skjermknips ved å dra bildefiler inn i knipsfiksaren (dra-og-slepp). Du kan òg leggje til knips av andre vindauge ved å bruke Sett inn vindauge frå Rediger-menyen. Du vil då få opp ei liste over tilgjengelege vindauge som kan importerast.

Gjenbruk av teikna element

Om du ønskjer å gjere den same eller liknande jobben på fleire skjermknips (t.d. eit tekstfelt med nettlesartype og versjon, eller sensurering av det same elementet på fleire knips) kan du enkelt bruke objekt på nytt.
Vel Lagre objekt til fil frå Objekt-menyen for å lagre det eksisterande sett av objekt for seinare bruk. Ein kan då enkelt bruke Last inn objekt... for å importere objekta til eit anna skjermknips.

Eksportere skjermknipset

Når du er ferdig med å redigere skjermknipset i knipsefiksaren, kan du eksportere resultatet på fleire måtar. Du finn dei ymse vala på Fil-menyen, den øvste knapperada eller via snøggtastar:

Når du har lagra bildefila frå knipsfiksaren, kan du enkelt kopiere filplasseringa til utklyppstavla eller opne mappa i utforskaren ved å høgreklikke på statuslina nedst i programmet.

Innstillingsdialogen

Generelle innstillingar

Knipsinnstillingar

ADVERTISEMENT